
Anleggsstart for nye Ulriken tunnel
Laurdag 30. august inviterte Jernbaneverket til feiring av 50års-jubileum for Ulrikstunnelen og anleggsstart for nye Ulriken tunnel. Tunnelen er den første jernbanetunnelen i Noreg som skal drivast med tunnelboremaskin.
Nye Ulriken tunnel er ein del av utbygginga av dobbeltspor frå Bergen til Arna. Strekninga er i dag den mest trafikkerte enkeltspora strekninga i Europa med 120 togavgangar i døgnet, og kapasiteten er heilt sprengt.
Det nye dobbeltsporet vil meir enn doble kapasiteten, og dette vil gje ei rekkje positive konskvensar. Ruteplanlegginga vil bli meir fleksibel, det blir hyppigare avgangar og stive ruter. Dette gir dei reisande eit langt betre produkt, noko som er spesielt viktig for pendlarar, elevar og studentar som nyttar banen kvar einaste dag, og vil gjere at endå fleire vil og kan reise kollektivt. Fleksibiliteten kjem også godstrafikken til gode, og med det nye dobbeltsporet er det kapasitet til å ta langt meir godstrafikk på banen, noko som også er eit nasjonalt mål. Ikkje minst er dette første store milepæl på veg mot ei moderne framtidsretta Bergensbane med 4 timars reisetid frå Oslo til Bergen.
Link til Jernbaneverket si infoside om prosjektet