image description

Oslo-Bergen på under fire timar er mogeleg

Ringeriksbanen er svært godt nytt - dette er første steget mot ein moderne høgfarts jernbane mellom aust og vest.  

Media har i fleire artiklar den siste tida sett fokus på det faktum at jernbanen i Norge stort sett har dei same køyretidene no som for 40 år sidan. Så også for Bergensbanen. Toget brukar 11 minuttar kortare tid på reisa mellom landets to største byar no enn for 40 år sidan. Dreg du med toget frå Bergen stasjon om morgonen, er du framme i Oslo om lag seks og ein halv time seinare. I praksis betyr dette at toget for mange reisande ikkje er eit reelt alternativ.

Den gode nyheten er at det er fullt mogeleg å redusere køyretida til under fire timar. Ved å bygge Ringeriksbanen og nytt dobbelspor Arna-Voss, i tillegg til nye kryssingsspor og utretting av dei knappaste kurvene mellom Voss og Hønefoss, vil ein få ei reisetid på rundt fire timar. Med ei meir radikal omlegging av sporet vil reisetida kunne nærme seg tre timar.

Ringeriksbanen inngår i planane for den indre InterCity-utbygginga rundt Oslo og vil forkorte Bergensbanen med om lag ein time. Det nye dobbelsporet skal gå frå Sandvika til Hønefoss, og vil få ein køyrefart på mellom 200 og 250 km/t. Ringeriksbanen vil ifølgje TØI sin kvalitetssikringsrapport nærast doble antal reisande mellom Oslo/Bærum og Vestlandet. Like viktig er det store potensialet for vekst og utvikling som vil løysast ut med Ringeriksbanen. BI har berekna eit potensiale for auka verdiskaping på over 6 milliardar kroner årleg. Prosjektet er altså svært samfunnsøkonomisk lønnsamt. Vi veit også at det er venta stor folketalsvekst i Osloregionen, og det å kunne bygge ut nye bustadområder med tilgang til miljøvennleg og arealeffektiv transport er heilt grunnleggande for ei god og berekraftig byutvikling.

Det er i utgangspunktet ikkje tenkt at det skal gå godstransport på Ringeriksbanen. Godstransporten mellom Oslo og Hønefoss har to alternative linjer – Roalinja og Randsfjordbanen, og med desse to linjene har vi eit robust system. Men skulle det vere naudsynt, vil godstog kunne trafikkere Ringeriksbanen i avvikssituasjonar.

Jernbaneverket og Statens Vegvesen la våren 2014 fram ein plan for ny veg og bane mellom Arna og Voss. Dei tilrådde det såkalla K5 alternativet. Vossebanen får med dette ny trasé, dobbeltspor, stor auke i køyrefart og kapasitet, samt fullverdig rassikring. Vossebanen blir ein InterCity-bane mellom Bergen og Voss, og reisetida blir berre 32 minuttar med dei raskaste avgangane. Voss vil med dette bli inkludert i ein felles bu- og arbeidsmarknad rundt Bergen.

No går banen fleire stadar langs den opprinnelege traséen frå 1883 og farten er heilt nede i 30 km/t. Kapasiteten er sprengt og det er ikkje rom for auke i trafikken på Vossebanen. Hyppige ras og langvarig trafikkstans har skapt store problem for trafikkavviklinga og skapt frykt hos oss som brukar denne strekninga jamnleg.

For Bergen er aukande vegtrafikk, alvorleg luftforureining samt liten tilgang på areal i sentrum kjende utfordringar. I dette perspektivet er ein Intercitybane til Voss ei godt eigna løysing med stor kapasitet og høg arealeffektivitet, samtidig som Vossaregionen har kvalitetar som gjer området svært attraktivt for bustadutbygging og næringsutvikling. (Ei dobbelspora jernbane har like stor kapasitet som ein ti-felts motorveg.) BI har berekna potensialet for auka produktivitet som følgje av ein InterCitybane til Voss til å vere om lag 1,3 mrd. kroner per år. Desse tala inkluderer kun eksisterande næringsliv og produktivitetsvekst frå nyetableringar vil komme i tillegg. Samtidig er Voss og Vaksdal kommunar i gong med ein stor mulighetsstudie for å førebu seg og legge godt til rette for framtidig folketalsvekst og næringsutvikling.

InterCity til Voss vil saman med  innsparinga frå Ringeriksbanen gje ei total reisetid på 4 timar og  45 minuttar mellom Oslo og Bergen. Tidlegare analysar viser at nærmare 2 millionar reisande vil velje Bergensbanen årleg mellom Bergen og Oslo dersom både Ringeriksbanen og K5 Arna-Voss blir realisert. Det er enno ikkje gjort  berekningar av desse trafikktala med dei nyaste oppdaterte trafikkmodellane.

 I Jernbaneverket si høgfartsutgreiing er det vist korleis ein kan korte ned køyretida med ytterlegare 45 minuttar ved å bygge nye kryssingspor og rette ut dei knappaste kurvene mellom Voss og Hønefoss. Tiltaka gir i tillegg også større kapasitet for både gods- og persontransport. Totalt gir dette ei reisetid mellom Oslo og Bergen på rundt 4 timar.

Det er fullt mogeleg å legge til grunn eit endå høgare ambisjonsnivå for køyretidreduksjonar og komme nærmare 3 timar, som er dagens reisetid med fly. Dette vil sjølvsagt kreve ei meir omfattande omlegging av jernbanetraséen, men samtidig gje dei reisande eit betre tilbod.  Høgfartsutgreiinga konkluderer med at køyretidreduksjonar på Bergensbanen har best kost/nytteverdi av alle langdistansestrekningane i landet.

Ved sidan av Island, har Norge verdas reinaste produksjon av elektrisk kraft, samtidig som vi ligg i verdstoppen i reisefrekvens. Dette er i utgangspunktet gode argument for jernbaneutbygging. Trass i dette har vi late jernbanen vår forfalle til det låge nivået vi ser i dag, med alvorlige følgjer for drifta og kvaliteten på tilbodet. Delar av traséen er fra 1800-talet, farten er låg, kapasiteten er sprengt, og det er stadige og til dels langvarige stans i trafikken som følgje av ras og teknisk svikt.  

Det er etter kvart tverrpolitisk semje om at ei opprusting av jernbanen i Norge er heilt naudsynt. Samtidig har Norge store uløyste oppgåver i transportsektoren, og midlane må brukast klokt. Det er mogeleg å utvikle eit moderne jernbanenettverk med basis i det eksisterande jernbanenettverket. Ei slik utbygging vil bidra til ei god og berekraftig byutvikling i dei største byane, flytte godstrafikk frå veg til bane, samt gjere jernbanen til eit reelt reisealternativ for langt fleire. Alt dette vil samtidig bidra til reduksjonar i utslepp av drivhusgassar. I tillegg vil ei slik utbygging opne opp for vekst- og utvikling i områder med stort uutnytta potensiale. Ringeriksbanen er ein svært god start.