image description

Jubeldag for Ringeriksbanen!

Regjeringa gir etatane i oppdrag å starte planlegginga av Ringeriksbanen med sikte på byggestart i 2019. Ringeriksbanen er det viktigaste prosjektet for å få realisert målet om ei reisetid på 4 timar mellom Bergen og Oslo. «Endeleg skjærer vi gjennom og starter dette prosjektet» uttalar Erna Solberg i ein pressekonferanse på Sundvollen søndag 30 august.

image description

Oslo-Bergen på under fire timar er mogeleg

Ringeriksbanen er svært godt nytt - dette er første steget mot ein moderne høgfarts jernbane mellom aust og vest.

Media har i fleire artiklar den siste tida sett fokus på det faktum at jernbanen i Norge stort sett har dei same køyretidene no som for 40 år sidan. Så også for Bergensbanen. Toget brukar 11 minuttar kortare tid på reisa mellom landets to største byar no enn for 40 år sidan. Dreg du med toget frå Bergen stasjon om morgonen, er du framme i Oslo om lag seks og ein halv time seinare. I praksis betyr dette at toget for mange reisande ikkje er eit reelt alternativ.

image description

Jernbaneverket held fast på K5 for Arna-Voss

I ei tilleggsutgreiing held Jernbaneverket fast på det tilrådde konseptet, K5, for Arna-Voss. Det betyr å byggje ut både ny veg og ny bane på strekninga. Fullt utbygd vil K5 gje ei køyretid på 32 minuttar frå Bergen til Voss. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen lovar ei rask avklaring om val av konsept for betre veg og bane mellom Arna og Voss…

image description

Regjeringa går for K5

"Me har valt å gå for konsept K5" Etter desse forløysande orda frå Ketil Solvik Olsen kunne alle som følgde pressemøtet i riggen på Arna Stasjon tysdag 8. desember, sleppe jubelen laus. Hans Erik Ringkjøb meinte at dette var ei historisk beslutning. «No har vi tatt Bergensbanen tilbake. Vi har hatt Bergensbanen i 100 år, no startar 100 nye». Eirik Haga uttalte at «Vi skal hjelpe regjeringa til suksess»...

image description

Forum Nye Bergensbanen jobbar for:

Realisering av Ringeriksbanen, med byggestart 2019

Køyretid 4 timar mellom Oslo og Bergen

All auke i godstrafikk på strekninga skal tas av banen

Komfort som for moderne Europeiske høgfartsbaner